Er mor død roman vigdis hjorth
Er mor død roman vigdis hjorth c...
Er mor død roman vigdis hjorth e
Brennande forsvar for eige kunstsyn
Denne gongen skriv Vigdis Hjorth om prisen det har å lage kunst av det mest smertefulle: Går det an å vere nådelaust ærleg kunstnar og på same tid stå på god fot med familien?
Høg temperatur
Lat oss først skru tida fire år tilbake: «Arv og miljø» vart av mange lesen som ein biografi over familien Hjorth, lett forkledd som roman.
Debatten i ettertid skjente ut i spørsmål om kor etterretteleg forteljinga var, og om det etiske ved å skrive sant – eller løgnaktig – om eigen familie.
Temperaturen var høg, ikkje minst etter at søstera Helga Hjorth kom med ein mot-roman.
Ingen skal skulde forfattaren Vigdis Hjort for å gjere det enkelt for seg.
På den andre sida: Dersom debatten skjenar inn i same sporet som for fire år sidan, seier det noko trist om den norske, offentlege samtalen om skjønnlitteratur. Også denne romanen opnar for heilt andre spørsmål, på fleire nivå.
På jakt etter mor
I «Er mor død» møter vi den internasjonalt kjende kunstnaren J